Firetusenmeterstoppar i Alpane

Mont Blanc, 2 Piz Bernina, 3 Barre des Écrins, 4 Dufourspitze, 5 Finsteraarhorn, 6 Gran Paradiso, 7 Grand Combin, 8 Dom, 9 Matterhorn, 10 Aletschhorn, 11 Weisshorn, 12 Weissmies

Liste over firetusenmeterstoppar i Alpane inneheld alle 82 sjølvstendige fjell over 4 000 meter etter UIAA si offisielle liste. Alle ligg på fransk, italiensk eller sveitsisk territorium og med unntak av Piz Bernina er alle å finne i Vest-Alpane.

Klatreklubbane Club alpin français, Club Alpino Italiano og Schweizer Alpen-Club utarbeidde reglene for kva toppar som skal med på lista. Alle toppar med ein primærfaktor på meir enn 30 meter blei inkludert og dessutan einskilde som har ein viktig plass innan alpinklatringa og/eller utgjer interessante landskapsformer. Døme er Mont Blanc de Courmayeur som har ein låg primærfaktor, men som ligg 600 meter i luftlinje frå Mont Blanc og som er av både morfologisk og klatreteknisk interesse. Det same gjeld Grand Pilier d'Angle som strekkjer seg opp på skuldra til Mont Blanc de Courmayeur. Alle toppar over 4 000 på Aiguilles du Diable og Grandes Jorasses er tatt med av di dei er svært markante og dessutan har spelt ei stor rolle i alpinklatrehistoria. Alle dei fem toppane på Breithorn er tatt med, då primærfaktoren er stor nok og dei står tilstrekkeleg spreidde til at dei kan reknast som sjølvstendige.

26 av toppane på lista ligg i Frankrike, 35 i Italia og 48 i Sveits. 55 ligg heilt og fullt i eitt av landa, mens for dei resterande 27 går landegrenser over toppunktet.

Det høgste fjellet i Alpane er Mont Blanc med 4 810 moh, følgd av Mont Blanc de Courmayeur (4 748 moh) og Dufourspitze (4 634 m). Les Droites er eksakt 4 000 moh og er det lågaste fjellet på lista. Dei største primærfaktorane har Mont Blanc med 4 697 meter, Finsteraarhorn med 2 280 meter og Piz Bernina med 2 234 meter. Òg når det gjeld sekundærfaktor er Mont Blanc kongen, med 2 812 kilometer (mot Kjukjurtlju i Russland), og på dei neste plassane Piz Bernina med 138 kilometer og Barre des Écrins med 107 kilometer. Dei første toppane som blei klatra er Dôme du Goûter og Mont Blanc, begge i 1786.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy